top of page
  • Forfatterens bildeHåvard Ravnås

Klippfisk og vin

Med ny kunnskap om salt frå Kalahari i Sør Afrika brukt i framstilling av norsk klippfisk tenkte me å bruke denne klippfisken i ulike oppskrifter saman med vin frå Sør Afrika.

Vinklubben hadde frå tidlegare samlingar kunnskap om både MCC (Champagne), Rose, sauvignon blanc, chardonnay , merlot, shiraz, cabernet sauvignon og fleire blendar.

7 ulike vinar blei presenterte og plasserte på bordet og tema for kvelden var klippfisk og vin.


Spenninga var stor før start og alle tenkte at det truleg var baccalao ,plukkfisk eller kokefisk med flesk som stod på programmet.


Men verten hadde googla og 7 ulike klippfisk rettar kom på bordet. Kvar deltakar fekk sjølv velge den vinen han trudde ville passa best til dei ulike rettane , gi poeng frå 1- 7 og grunngi kvifor.


Kvelden vart lang, livleg og lærerik. Vinnaren til kvar rett vart notert ved sida av menyskjema. Sjå bilete av rettane under.


150 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page