top of page
  • Forfatterens bildeHåvard Ravnås

Ein interessant og morosam vintur til Spania

Planlegging av vintur til Spania 2

Ingen i vinklubben er særleg stø i spansk, så for å få oversikt over nokre spanske ord på flaskeetiketten hjalp google oss gjennom ein triveleg spanskkurs kveld.

Verten hadde kjøpt inn ein kvitvin frå La Mancha og ein raudvin frå La Rioja.

Huseigaren i Spania hadde gjennom åra tileigna seg dei viktigaste uttrykka for vinbestilling, og med dette + ordlista vår, skulle me alle praktisera.I grupper på to gjekk me i gang med å bestilla vinane på Spansk. Kjempemorsomt, og alle fekk rett vin i glasa sine.

Frå den største vingarden i verda, Castilla. La Mancha smaka me på drua Airen. Dette var noko heilt anna enn dei druene me kjende frå før og me er usikre på om dette område skal vera med på vinturen vår til Spania.


Frå det nordlege Spania, Rioja, fekk me den mest kjende raude drua i Spania, Tempranillo i glasa. Me hadde frå før smaka på Tempranillo frå Katalonia og fann Rioja tempranilloen annleis. Fargen var svært mørk og denne hadde ei fin duft av markjordber.Opprømde over denne oppdaginga og utviklinga i kunnskapsnivå var det nå bare å venta på at me kunne reisa til Spania.



19 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page