top of page
  • Forfatterens bildeHåvard Ravnås

Det er morosamt med vintur

I klubben vår er me heldege å ha ein deltakar som er den stolte eigar av hus i Spania. Kva er då meir naturleg enn å planlegge ein vintur til dette vinlandet. På grunn av pandemien har me god tid og vil legga detaljerte planar og få meir kunnskap om både vin og land.


1. planleggingskveld: Me orienterer oss på kartet og smakar vinar frå området kring Barcelona.


Cava og musserande vin.

Når nordmenn flest tenker på Champagne, er det musserande vinar dei meiner. Polet opplyser at for kvar flaske ekte champagne dei sel, går det unna 11 flasker musserande vin. 6 av desse har Freixenet på etiketten. Freixenet er med sine 80 millionar flasker den største produsenten av musserande vin. Freixenet og dei andre produsentane av musserande vin i Penedes brukar ordet Cava om musserande vin.

Dette har me lyst å undersøka nærare og etter å ha smaka på dei boblande dråpane var me alle samde om at her ville me bruka nokre dagar på å bli betre kjend med cava.


Katalonia og raudvin

Katalonia er og kjend for sine raude vinar og i hovedsortimentet til Vinmonopolet finn me 11 raudvinar frå Penedes som ikkje ligg langt frå Barcelona.Verten hadde her vald ein vin av drua Tempranillo. Me såg på fargen som me meinte var ganske mørk, aromaen hadde hint av tobakk, tørka frukt, nøtter og lær. Skal bli spanande å læra meir om Tempranillo. Følg med i neste blogg.


22 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page