top of page
Forfatterens bildeHåvard Ravnås

Rosévin til lyse sommarkveldar

Nyt vinen saman med jordbær og tomater.

Me bur midt i matfatet i Ryfylke og tenkte at rosevin måtte passe godt saman med både jordbær og kanskje også tomater. Alle har jo raude nyansar.

Vinklubben tok difor kontakt med både jordbærdyrkerar og tomatdyrkerar. To sa seg villege til å ta imot oss for meir info. Godt lasta med rosevin fekk me alle plass kring kontorpulten til jordbærdyrkaren. Glas og jordbærkorger med ymse typer jordbær var på plass og me fekk lære om Korona, Sonata, Senga sengana og mange fleire.

Tidlegare hadde me smaka jordbær saman med Cava, men nå var det Rose i glasa. Me smatta og smaka og det var fantastisk. Jordbær i rosevin er ei nyting for både auge og gane, men me klarte ikkje å bli samde om kva jordbærtype som passa best. Prøv sjølv.




Så gjekk turen til tomatdyrking i store drivhus. Det vart ei imponerande oppleveing.Små og store, gule, grøne og Raude tomatar i rekker så lange, så lange. Ein utruleg kunnskapsrik tomatbonde som til slutt lot oss plukka tre ulike små, raude tomater. Me trudde dei ville passa best til smakinga saman med rosevin.

Det viste seg at tomatdyrkaren hadde eit lite presentasjonsrom og bordet var dekka med høge glas og endå fleire små tomatar.


Stemninga steig bare ved synet og så starta endå ei forunderleg reis. Tomatdyrkaren fortalde om at ørsmå avvik i det automatiske datastyrte anlegget kunne gi svært store skilnader i produksjonen og dermed også i den økonomiske avkastinga.Denne vitenskapen høyrdes ut som den same som vinbonden på Eikendal fortalde om og me skjøna at her måtte det gode kunnskapar til både blant tomatar og vinrankar. Så sto smakinga for tur. Tomater og rosevin ei vidunderleg, sjeldan og eksotisk oppleving også for tomatdyrkaren.



18 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page