• Håvard Ravnås

Refrat frå ei vinsmaking for nybegynnerar

Litt usikker stemning rundt bordet. Utrykk som «me veit bare om kvite og raude vinar» kom fort fram, men sidan me var rimeleg trygge på kvarandre vart me samde om å læra namnet på to kvite og to raude vinar og kanskje og kjenna skilnad på dei valde druene.

Verten hadde googla og kunne framseia fakta om Chardonnay og Sauvignon blanc. Me studerte flaskene nøye og pakka dei så inn i folie slik ingen visste kva vin som var nr.1 og nummer 2.


Så var det tid for sjå, snurre, snuse, sippe og smake. Alle såg med ein gong fargeskilnaden, snurra så glaset elegant på bordet ,og alle var samde om at vinane hadde ulik lukt.

Etter å ha smaka på vinane var sjølvkjensla på topp og me tenkte alle at nå var me på veg til å både å ha kunnskap om og heilt sikkert kjenna skilnad på Cardonnay og Sauvignon blanc.

Med stort mot gjekk me i gang med dei to raude vinane. Same prosedyre, men litt meir usikker stemning rundt bordet.

Verten hadde vald Pinotage og Shiraz. Fakta arka frå polet var greie og me forsto at Pinotage var Sør Afrika si spesielle drue og at Shiraz ofte hadde krydder i smaksvokabularet. Deltakarane var likevel ikkje samde om kva drue som var i kva for eit glas, så raudvinsdruer må me ta på ny ein annan gong.


Stemninga var likevel god, me kunne namn på fire druer og såg fram til neste samling.


1 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle