• Håvard Ravnås

Referat frå vinklubbmøte

Dette var ein lys og varm kveld, så me satsa på å smake 4 ulike kvitvinar.Tema var 4 kvite vinar av same drue, nokså lik pris, men frå 4 ulike kontinent og noko skilnad i årgang. Med god hjelp av Vinmonopolet hadde verten klar både skjema og produktinfo, utan å nemne namn på drua.

Etter at me hadde oppdatert oss på fakta, vart oppgåva å setta eigne ord på det me hadde i dei fire ulike glasa, gi namn på drua og gi karakter frå 3 -6 (minst god – best). Det var tydeleg skilnad på både farge og smak og me undras om klima, eik eller kanskje årgang kunne ha noko å seia.

Sidan me visste at alle glasa inneheldt same drue, kunne namnet enten gi oss alt rett eller så vart alt feil. Men her var det den totale poengsummen frå alle deltakarane som til slutt ville gi ein vinnar. Samtalane rundt bordet synte at me kunne namnet på fleire kvitvinsdruer, men kva glas som inneheldt den beste vinen var det ikkje semje om.


Tid for avduking av flaskene og alle nikka då Chardonnay drua synte seg på alle flaskene.

Chardonnay drua finn me altså både i eika og ueika form og i alle verdsdelar.

Me konkluderte med at eik hadde stor innverknad på kva den einskilde person likte best.

Vinnaren vart Chardonnay frå Eikendal i Sør Afrika.


6 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle