• Håvard Ravnås

Kjenner me skilnad på dyre og rimelege vinar?

På god veg til å skjøna meir av vinmysteriet ga tema for denne kvelden likevel grunn til utfordringar. Me tenkte at me sjølvsagt ville like dei dyraste vinane best, men kven veit??

Verten hadde kjøpt inn to flasker Riesling frå Tyskland, men informerte ikkje om dette. Denne infoen vart gitt: I begge glassa er det same drue frå same land og same årgang, men ulik alkoholprosent. Skjema med stikkord vart delt ut og spørsmålet var (sjå døme nede) : Kva heiter drua, i kva glas finn du den dyraste vinen, kva for ein likte du best og kvifor?


Det heimelaga skjema med stikkord var nok til god hjelp, men det sat langt inne å koma fram til namnet på drua. Sidan alkoholprosenten var ulik fekk me ein god diskusjon om alkoholavgift og me lærte og å finne fleire ord som kunne seia noko om drua. Alle vart nøgde med å ha den dyraste vinen i rett glas, men me var likevel undrande til at den eine var dobbel så dyr som den andre.


Svaret var:

1. Riesling årgang 2017 og 10,5 % pris: litt over 100 kroner

2. Riesling årgang 2017 og 12 % Pris over 200 kr.

Styrka i sjølvkjensla gjekk me i gang med to raude godt innpakka vinar. Informasjonen her var at landet var New Zealand, same drue i begge glas, same årgang, men ulik prosent. Den eine dobbel så dyr som den andre. Dette vart vanskeleg, så verten måtte opplysa om at denne drua vanlegvis var lysare på farge enn det me observerte i glasa våre. Då demra det for deltakarane og i undring vart det slege fast at drua måtte vera PinotNoir. Det var lite tvil om kva som var den dyraste vinen og etter opplysingar om at vinen var frå den nye verden, kom me fram til at landet måtte vera New Zealand.

Svaret var:

1. Pinot Noir årgang 2017 og 14 % pris mesten 400,- kroner

2. Pinot Noir årgang 2017 og 12,5 % ca 150,. kr.


Vel nøgde med å lære to nye druenamn, litt om alkoholavgift og dyre vinar er best var stemninga på topp og nå var me verkeleg gira på å lære meir.



3 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle